XSkate 2018 - 19. april kl 17.00

Høg dra-på faktor og fete triks! 

Publikumsfavoritten XSkate er ein skatekonkurranse for både små og store. Det blir høg fart og tekniske triks å sjå, ein DJ vil sørge for fete beats, det blir kiosk, god stemning og gratis inngang. Med andre ord ingen grunn til å ikkje kome!

Nytt i år er at konkurransen blir fordelt over to dagar. Torsdag skal det konkurrerast i ramp i Møre Skatehall kl.17.00, og laurdag blir det street-konkurranse i Volda Skatepark. Dommarane er på utkik etter kreativitet, lekenhet og sjølvsagt fete triks. 

XSkate er delt opp i senior-, junior- og jenteklassar, og aldersgrensa er 10 år. Om du er mellom 10-18 år må du ha ansvarsfråskriving frå foresatte. Er du under 18 år er det også påbode med hjelm. For seniorar er dette valfritt, men vi oppfordrar likevel til å køyre med beskyttelse. 

Meir info