XSkate 2018 - 19. april kl 17.00

Høg dra-på faktor og fete triks! 

Publikumsfavoritten XSkate er ein skatekonkurranse for både små og store. Det blir høg fart og tekniske triks å sjå, ein DJ vil sørge for fete beats, det blir kiosk, god stemning og gratis inngang. Med andre ord ingen grunn til å ikkje kome!

Nytt i år er at konkurransen blir fordelt over to dagar. Torsdag skal det konkurrerast i ramp i Møre Skatehall kl.17.00, og laurdag blir det street-konkurranse i Volda Skatepark. Dommarane er på utkik etter kreativitet, lekenhet og sjølvsagt fete triks. 

XSkate er delt opp i senior-, junior- og jenteklassar, og aldersgrensa er 10 år. Om du er mellom 10-18 år må du ha ansvarsfråskriving frå foresatte. Er du under 18 år er det også påbode med hjelm. For seniorar er dette valfritt, men vi oppfordrar likevel til å køyre med beskyttelse. 

Meir info

SKATEKONK 13. FEBRUAR

Laurdag 13. februar arrangerer vi vår første skatekonkurranse for junior & senior i Møre skatehall. Masse flotte premiar (pengar/utstyr) Påmelding fra klokka 13.00. Konkurranse starter klokka 14.00. Det er gratis inngong for publikum. Deltakaravgift kr 50,- Bandet Pikekyss spelar og DJ Danny lagar god stemning!

Alle under 18 år som skal delta må bruke hjelm. For seniorer er dette valgfritt, men vi oppfordrer likevel til å kjøre med beskyttelse. Aldersgrensen er 10 år, og er du mellom 10-18 år må du ha ansvarsfraskrivelse fra foresatte for å kunne delta i konkurransen. Dette skjemaet fylles ut i hallen ved påmelding.

Klar for åpning!

28. november kl. 14.00 åpnar vi hallen. Det blir gratis for alle på åpningsdagen, og etter at vi har innvia skatehallen er den åpen fram til 18.00. Vi håpar at alle som er interesserte i prosjektet tek turen.

Om du er nysgjerrig kan du allereide no få ein smugkikk ved å besøke våre facebooksider eller ved å gå inn på instagram og søke på #moreskatehall.

Set deg gjerne inn i reglane for hallen før du kjem, dei finn du her: Møre Skatehall


Takk til sponsorar

Vi har opplevd ein voldsom respons frå det lokale næringsliv når det kjem til å få hallen på plass. Tusen takk til alle som har støtta oss. Hallen kjem til å verte ein av dei største samlingsplassane for ungdom i regionen.

Vi treng fortsatt støtte til å utvikling og bygging av street-delen i hallen. So om du ynskjer å ta del i prosjektet: send oss ein e-post på til post@orstabrettklubb.no