obk_OmObk_bg6.jpg

Møre skatehall

Møre skatehall er ein 500 kvm innendørshall i Hovdebygda med ramper og street-element. Hallen er drifta av Ørsta Brettklubb. For meir informasjon besøk hallen si facebookside.

Opningstider i Møre Skatehall
Søndag:  17:00 - 19:00
Mandag:  18:00 - 20:00

 

*Barn under 10 år må ha med følge over 18/foresatt ved bruk av hallen.

Generelle bruksregler for parken
 

1. ALL BRUK AV- OG OPPHOLD I HALLEN SKJER PÅ EGET ANSVAR. Hallen er eit dynamisk område der det blir utøvd ekstremsport og det er farer i samband med det. Du er sjølv ansvarleg for eventuelle skadar som oppstår som følge av at du oppheld deg i skatehallen, og eventuelle skader må dekkes av din egen forsikring. Ørsta Brettklubb tar heller ikkje ansvar for eigendelar eller utstyr som blir skada, stjelt eller mista i hallen. 

 

2. DU ER SJØLV ANSVARLIG FOR Å SETTE DEG INN I BRUKSREGLANE TIL HALLEN. Dette gjeld både dei generelle bruksreglane og reglane for dei ulike områda. Brudd på bruksreglane kan medføre: Bortvisning, at du blir nekta inngang senere, eller inndraging av årskort. Kontakt vaktene om du har problem med å forstå reglane. Som ansvarlig for barn under 10år er du ansvarleg for at dei også forstår reglane før dei set i gang.

 

3. DU ER SJØLV ANSVARLIG FOR Å BETALE FOR BRUK AV HALLEN. Bruk av andre sine kort eller opphald i hallen uten å betale kan medføre: Bortvisning, at du blir nekta inngang senere, eller inndraging av årskort.

 

4. DET ER HJELMPÅBUD FOR ALLE UNDER 13ÅR. Dette gjeld for heile hallen. Vi oppfordrar alle til å bruke hjelm og anna beskytelseutstyr. Vær obs på at der er egne hjelmreglar for storerampa.

 

5. DU MÅ HA MED FORESATT/MYNDIG ANSVARLEG OM DU ER UNDER 10ÅR. Det vil sei at du må ha med deg ein over 18år som tek på seg ansvaret for din bruk av hallen. En myndig ansvarleg kan være følge til opptil 5 personer samtidig. 


6. DU MÅ KUNNE LEGITIMERE DEG. Fordi det er ulike prisar alt etter alder, samt at vi skal kunne ha muligheit for å kontrollere medlemskap so må du kunne legitimere kven du er. Foresatt/myndig ansvarleg kan også gå god for at du er den du er. Vil du ha studentrabatt, så må du kunne framvise gyldig studentbevis.


7. RUSMIDDEL, HÆRVERK ELLER MOBBING BLIR IKKJE AKSEPTERT. Og vil føre til en reaksjon i form av enten bortvisning, inndraging av kort og/eller anmeldelse. Det er heller ikkje lov å røyke i hallen.
 

8. VAKTENE SINE ORD ER LOV. Respekter dei beskjedane vaktene gir. Om du vel å ikkje respektere vaktene vil dette føre til ein reaksjon.

 

9. HUSK AT DETTE ER EIN INNANDØRSHALL. Du og ditt skateboard/sparkesykkel etc. må være tørt og reint før du kjem inn i hallen og tek han i bruk.

 

10. RYDD ETTER DEG. Bruk søppeldunker.

 

Bruksregler for Streetdel og Minrampe

 

1. PLANLEGG DINE RUNS. Før du setter i gang, sjå deg rundt og pass på at du ikkje kjører i vegen for andre der du har planlagt dit run. Vær obs på at nokon kan stå i kø for å bruke eit element. Eit «Run» er den ruta du har tenkt å kjøre.

 

2. STOPP OPP OG SJÅ DEG RUNDT. Husk å stoppe opp med jamne mellomrom for å orientere deg. Alle som bruker hallen er i konstant bevegelse, so for å unngå kollisjonar so må du stoppe opp å sjå deg rundt.


3. TA VARE PÅ KVARANDRE. Sei ifrå til vakta eller hjelp dei som ikkje har det bra. Ha respekt for dei som jobber med å lære seg noko nytt og respekter at ikkje alle er på same nivå.

4. RESPEKTER DEI SOM STÅR I KØ. Det kan stå personar i kø både på ulike element og på minrampe. Hugs å sjå om nokon står i kø for å bruke eit element før du setter i gang.


5. HA DET GØY.

 

Bruksregler for Storerampa
 

1. DU MÅ DROPPE INN I RAMPA. Fordi køsystemet foregår oppe på kanten er det ikkje lov å starte i botnen av rampa.

 

2. DET ER IKKJE LOV Å DROPPE INN OM NOKEN ANDRE BRUKER RAMPA. Om det er avtalt på førehand kan det være fleire i rampa samtidig, men vi anbefalar at ein brukar den aleine. Dette på grunn av økt fare for skade. Pass også på at nokon andre ikkje er i ferd med å droppe inn. 

 

3. DET ER IKKJE LOV MED SPARKSYKKEL ELLER SYKKEL I RAMPA. Rampa er bygd spesielt for bruk av skateboard ,og vil få skader om det blir brukt til andre ekstremsportar. Bruk av rulleskøyter i storerampa er tillete.

 

4. DET ER IKKJE LOV Å SKATE MED METALL ELLER SPISSE GJENSTANDER PÅ KROPPEN. Naglebelter, lenker og annet som kan skade overflaten er ikke lov å ha på seg medan en bruker rampa.

 

5. RESPEKTER DEN SOM SKAL BRUKE RAMPA. Det er ikkje lov å opphalde seg på kanten av rampa når nokon skal bruke den. Dette på grunn av fare for både den sum bruker og den som ser på. Kun dei som står i kø skal opphalde seg på kanten av rampa og vi vil at dei som står i kø står så langt vekk frå kanten som muleg.

 

6. ALLE UNDER 18ÅR MÅ BRUKE HJELM I STORERAMPA. Vi oppforderer alle til å bruke hjelm og anna beskyttelsesutstyr.